Matauk i grøftekanten

Mat i grøftekanten

Torsdag førre veke inviterte Bærekraftige liv i Bø og Naturvernforbundet i Midt-Telemark til urtevandring på Hørte. På turen fekk dei 27 deltakarane innsikt i eit titals vanlege vekster som alle eignar seg godt til matbruk. Guide på turen var biolog Stefanie Reinhardt.

Vegansk urtebuffet

Turen blei avslutta med reinsing, kokkelering og eit godt, vegetarisk måltid på tunet heime hos Stefanie. Plantane vi plukka var geitrams, brennesle, vårpengeurt, natt og dag, heggeblom, løvetannknopp, skvallerkål, ryllik og strutseving. Dei fleste av desse vekstane fins i rikt monn, så det var inga sak å samle meir enn nok til eit godt måltid. Dette er økologisk, kortreist og sunn matauk, som gir gode og nye smakar til middagen eller brødskiva. Gratis er det òg. Med tilbehøyr som pasta, kvitsaus, potetsalat, m.m. kom kostnaden for måltidet på berre 240 kr – ikkje verst når det metta heile 20 stykker. Å kome saman slik og sanke og tilreie mat i hyggeleg lag har òg ein sosial verdi, som ferdig serverte måltider ikkje kan matche. 

Plukk du òg!

Våren er tida for å samle planter til mat. Seinare blir den gode smaken ofte avløyst av beisk smak, og plantene blir meir grove i konsistensen. Men det er viktig å ikkje plukke feil! Nokre vekster kan vere giftige eller freda. Gjer eit oppslag i ei sikker kjelde, før du plukkar eller et vekstane.

Takk til alle som blei med, og ikkje minst til Stefanie som delte av både kunnskap, kjøkken og gardsplass!  

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s