Reparasjon, kreativitet og prat

Har du noko du vil reparere, fikse på, sy, strikke, redesigne eller skape? Da er du velkommen til å bli med oss på kafé!

Me er ein gjeng som gjerne vil minske vårt forbruk gjennom handverk og skaparglede. Som ei motvekt til ”bruk og kast” vil me heller reparere ting me allereie har, eller skape gode ting som varer. Og dette synest me er ekstra hyggeleg å gjere i samver med andre!

Reparasjonskaféen blir ein fast møteplass annankvar laurdag framover, frå 12.00-14.30. Neste gang blir: 5. mars, etc

Det blir kanskje ulike temadagar, minikurs, og inspirasjonsdeling dei ulike laurdagane framover, som ein kan bli med på om ein vil. Dette vil bli annonsert. Har du ein handverksteknikk, eller idé du har lyst til å vise for fleire, ta gjerne kontakt!

Me får låne eit skap på Mariposa der kan me legge ulike stoffrestar, garnrestar, knappar, nåler, sytråd++. Om det er nokon som har noko til overs me kan ha i skapet, ta det gjerne med!